Dommerkonkurransen i år var spesielt vanskeleg å dømme sidan nivået på deltakande øl var veldig høgt. Det var monge gode øl som hevda seg godt.
I år var vi talt 8 dommera med innslag av både utdanna øldommere, entusiastar og tradisjonsbryggarar. Dommerane vart delt inn i 4 team som smaka seg gjennom øl og valgte ut 3 kvar som gjekk vidare til finalen. Av totalt 54 øl havna 12 i ein finale som alle dommerane smaka seg gjennom og stemte på sine favorittar.
Dommerpanelet bestod av (frå høgre til venstre på biletet over):
- Jogeir Svee Halland, juryleiar og tradisjonsbryggar av maltøl (Stjørdalsøl)
- Amund Polden Arnesen, brygger hos Eik & Tid, Norges første ølsommelier og ansvarlig for utdanningen av norske ølsommelierer.
- Sigrid Ruyter Smolan, uteksaminert øldommer og ølsommelier hos Ølakademiet
- Kjetil Dale, tradisjonsbryggar av heimabrygg (Vossaøl) og drivar av Eldhuset Dale
- Linda van Loon, nederlandsk mikrobiolog hos Eik & Tid.
- Sølvi Strifeldt, ølblogger og uteksaminert øldommer.
- Lars Andreas Tomasgård, tradisjonsbrygger og dobbelt norgesmester i brygging av kornøl.
- Per Øyvind Arnesen, leder for Norbryggs dommerkomité.
3. plass, øl nr. 35 Espe bryggeri v/Arve og Frode Espe. Skikkelig kånnøl med Espe kveik
Tredjeplassen går til eit øl med kompleks aroma, Tydelig einerpreg, marsipan, korn og varmande alkohol med tydelig restsødme.
Kornølet som Frode Espe serverte er brygga av Arve Espe. Arve er mangeårig deltakar på Kornølfestivalen og har over 50 års erfaring med ølbrygging. Kornølet er brygga med eigen kveik frå Espe.
Premier:
- Gavekort frå Brewshop 500,-
- Sekk malt frå Vinbua
2. plass, øl nr. 57 Jørund Geving. Stjørdalsøl med Gjelland kveik
Stjørdalsølet til Jørund er eit komplekst øl som kjem hovedsakelig av prosessen rundt tørking av maltet. Det er eit typeriktig stjørdalsøl med smak av karamell, brent tre, rom, rosiner, lær og skorstein.
Jørund har delteke på festivalen i ei årrekke og har hausta fleire premiar for sitt øl. I 2017, 2020 og 2022 stakk han også av med seieren.
Premie:
- Gavekort frå Brewshop 2000,-
- Sekk malt frå Voss Gass
1. plass, øl nr. 11 Ørsta Volda Bryggjarlaug. Jonsokkfest med Skare kveik
Jonsokkfest er eit tradisjonsøl med pors som dommerpanelet likte så godt at det vart en klar vinner.
Ølet hadde et tydelig og godt einerpreg. Med smaker av appelsin, marsipan og en frisk syre balansert mot en sukkeraktig sødme.
Her har bryggerane laga eit godt øl som dei kan være stolte av.
Ørsta Volda Bryggarlaug er fast innslag på festivalen og har gjennom fleire år brygga godt øl. Dei stakk også av med seieren i 2021.
Premie:
- GRS riflestokk
- Signert bok av Lars Marius
Tusen takk til våre sponsorar:
- GRS Riflestock
- Brewshop
- Voss Gass (Heimabrygg.no)
- Vinbua
- Lars Marius Garshol
- Natrud
- Ørsta Volda Bryggarlaug
- Jernia Ørsta