Panelsamtale: Framtida for tradisjonsøl

Fredag kl 1830 blir det panelsamtale mellom fylkesordførar i Møre og Romsdal Anders Riise, ordførar i Volda kommune Sølvi Dimmen, Mika Laitinen frå Finland og Brewing Nordic og Terje Grønmyr for organisasjonen til gardsturisme Hanen. Dei skal ha ein samtale om framtida for tradisjonsøl med produksjon og utsal frå gardar på Vestlandet. Vidar Skeie vil innleie om status for UNESCO-listeføring av ølbrygging med kveik som immateriell kulturarv.