Demobryggjarar: Simonas & Vykintas

Simonas og Vykintas kjem tilbake! Dei var på festivalane i 2017 og 2018 og fekk mange vener den gongen. Vi har bede dei kome tilbake for å demonstrere brygging av litauisk keptinis. Dette er eit øl der mesken blir bakt i omn, og Simonas og Vykintas skal demonstrere korleis det blir bryggja i hallen på laurdagen.

Simonas Gutautas er kommersiell bryggjar ved bryggeriet Dundulis , medan Vykintas Motuza er tradisjonsbryggjar ute på landsbygda.