Vinnarane av dommerkonkurransen 2023

Dommerkonkurransen i år var spesielt vanskeleg å dømme sidan nivået på deltakande øl var veldig høgt. Det var monge gode øl som hevda seg godt.

I år var vi talt 8 dommera med innslag av både utdanna øldommere, entusiastar og tradisjonsbryggarar. Dommerane vart delt inn i 4 team som smaka seg gjennom øl og valgte ut 3 kvar som gjekk vidare til finalen. Av totalt 54 øl havna 12 i ein finale som alle dommerane smaka seg gjennom og stemte på sine favorittar.

Dommerpanelet. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Dommerpanelet bestod av (frå høgre til venstre på biletet over):

3. plass, øl nr. 35 Espe bryggeri v/Arve og Frode Espe. Skikkelig kånnøl med Espe kveik

Frode Espe. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Tredjeplassen går til eit øl med kompleks aroma, Tydelig einerpreg, marsipan, korn og varmande alkohol med tydelig restsødme.

Kornølet som Frode Espe serverte er brygga av Arve Espe. Arve er mangeårig deltakar på Kornølfestivalen og har over 50 års erfaring med ølbrygging. Kornølet er brygga med eigen kveik frå Espe.

Premier:

2. plass, øl nr. 57 Jørund Geving. Stjørdalsøl med Gjelland kveik

Jørund Geving. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Stjørdalsølet til Jørund er eit komplekst øl som kjem hovedsakelig av prosessen rundt tørking av maltet. Det er eit typeriktig stjørdalsøl med smak av karamell, brent tre, rom, rosiner, lær og skorstein.

Jørund har delteke på festivalen i ei årrekke og har hausta fleire premiar for sitt øl. I 2017, 2020 og 2022 stakk han også av med seieren.

Premie:

1. plass, øl nr. 11 Ørsta Volda Bryggjarlaug. Jonsokkfest med Skare kveik

Representantar frå Ørsta Volda Bryggarlaug. Frå venstre: Eirik Hoem, Kjell Bjarne Bjørdal og Thor Humberset. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Jonsokkfest er eit tradisjonsøl med pors som dommerpanelet likte så godt at det vart en klar vinner.

Ølet hadde et tydelig og godt einerpreg. Med smaker av appelsin, marsipan og en frisk syre balansert mot en sukkeraktig sødme.

Her har bryggerane laga eit godt øl som dei kan være stolte av.

Ørsta Volda Bryggarlaug er fast innslag på festivalen og har gjennom fleire år brygga godt øl. Dei stakk også av med seieren i 2021.

Premie:

Tusen takk til våre sponsorar:

Vinnarane 2023. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Dommerark

2023-Dommerskjema Last ned

2023-program Last ned