Vinnarane av dommerkonkurransen 2024

Vi hadde i år 59 øl med i dommerkonkurransen. Vi hadde derfor 8 dommera og satsa på ein kombinasjon av lokale eksperter på tradisjonsøl kombinert med utdanna dommera med erfaring frå tradisjonsbrygging.

Dommerane vart delt inn i 4 team som smaka kvar sine øl. 12 øl vart valgt ut til ein finale der alle dommerane smakte på alle finaleøl.

Dommerpanlet. Frå høgre: Arve Raftevold, Gunnar Skare, Per Øyvind Arnesen, Kasper Andersen, Torkjel Austad, Eirik Hoem og Roger Severin Bruland. Dommer Dag Jørgensen er ikkje med på biletet

1. plass – Øl nummer 64 – «Otterdal Tradisjon» brygga av Tore Raftevold og Eirik Lødemel. Konnøl med Otterdal kveik

Dommerane beskriv ølet på følgande måte: «Eit lyst og lett tåka øl. Det er komplekst, med god preg av kveik og smakar som umami, krydder, korn og tropisk frukt som aprikos. Det er eit godt balansert øl med sødme og lett syre.

Premien for 1. plass er eit rifleskjerfte frå GRS og ein sekk med malt frå Malteriet.

Vinnarane med Eirik Lødemel og Tore Raftevold

2. plass – Øl nummer 38 – «Bjørk» brygga av Mildrid Mæhle. Heimabrygg med Sellandskveik.

Dommerane beskriv ølet på følgande måte: Ravfarga øl med mykje karamell, appelsin og eit fruktig røykpreg. Det er eit godt balansert øl med ein flott og kompleks sødme.

Premien for 2. plass er eit gavekort frå Brewshop på 2000 kr. Sekk med malt frå Bonsak og sekk med malt frå Natrud.

Mildrid Mæhle saman med prisutdelar Jogeir Svee Halland

3. plass – Øl nummer 24 – «Stjørdalsøl» brygga av Jørund Geving. Stjørdalsøl med Idun blå.

Dommerane beskrive ølet slik: Eit kobberfarga og komplekst øl med karamell, marmelade og marsipan. Røykpreget balanserer sødmen godt og gir det ein flott friskhet.

Premien for 2. plass er eit gåvekort frå Brewshop på 1000 kr. Sekk med malt frå Jærmalt og sekk med malt frå Bonsak.

Publikumsfavoritten gjekk år til øl nummer 64 – «Otterdal Tradisjon»

Tore Raftevold og Eirik Lødemel tok derfor både 1. plass og publikumsfavoritten. Dette beviser at dei laga eit særs godt øl som både publikum og dommerane likte veldig godt.

William Holdens minnepris gjekk i år til Ivar Husdal

Ivar har gjennom eit langt liv vært ein kulturberar av rang og har gjort ein uvurderleg innsats for ølet og kulturarven. Han sit med enorm kunnskap som monge har nytta godt.

Ivar har eit ungt og frist sinn og er ikkje framand for å eksperimentere med nye smakar og metoder.

I eit festleg lag er han den som reiser seg og syng ein song og har alltid ei opa dør i eldhuset.

Frå venstre: Mildrid Mæhle, Eirik Lødemel, Tore Raftevold og Jørund Geving

Dommerskjema

Her er komplette dommerskjema med karakter frå 1-10. Dommerane sitt referansenummer står håndskreve, mens talet frå programmet er skreve over.

Kornølfestmiddag

I forbindelse med Norsk Kornølfestival vert det i år igjen arrangert festmiddag på Raftevold Hotell laurdag 5. oktober 18:30. Dette arrangementet var ein stor suksess då det var arrangert for første gong i 2023.

I år har vi ein skikkeleg godbit på menyen du ikkje må gå glipp av. Det vert servert saudehaud som er flådd, salta, speka og dampa. Det vert nydelig fårekjøtt som likner mykje på pinnekjøtt i smaken.

Saudehaud er ein lokal variant av smalahove og er tradisjonsrik vestlandskost på sitt beste. Dersom du ikkje har smakt dette før så er dette ei unik moglegheit. Tilbehøyret er klassisk med kokte poteter og kålrotstappe. Etter saudehaudet vert det servert Nordfjordlefser som vart nytta til dei store anledningane.

Til maten så vert det sjølvsagt servert øl. Bryggarane vil presentere og servere dei 3 største ølstilane innan gardsøl i Noreg. Konnjøl frå Hornindal, heimabrygg frå Voss og maltøl/stjørdalsøl frå Stjørdal.

Dette er eit fint avbrekk frå festivalen med mogelegheit til å få seg eit god måltidsoppleving der vi kombinerer god lokal mat og lokal drikke. Vi lover god stemning i ein triveleg sosial setting.

Take the boat to Hornindal

Are you wondering how to get to the festival or just planning to see more of the beautiful fjords of Norway during the visit?

Fjord intersection where Hjørundfjord splits into a separate fjord arm Norangsfjorden

We will also this year have the boat MS Bruvik available to transfer visitors from the city of Ålesund and in the spectacular Hjørundfjorden. The boat will take us to Øye where a bus will drive through the narrow valley of Norangsdalen and to Hornindal. The whole trip including return bus on the 6. October is included in the boat ticket.

A local guide will be joining the whole way to tell you stories about life in the fjord, mountains, and small villages along the way.

Tickets for 1200 NOK per person can be purchased here: https://tikkio.com/tickets/43681-norsk-kornolfestival-2024

The boat MS Bruvik at the village Øye where the boat trip ends.

Thursday 5. October

Map of the trip from Ålesund to Hornindal.

12:00: The boat leaves from Ålesund harbor, by the bus station. Right next to the brewpub Molo Brew.

The spacious boat have large indoor and outdoor areas where it is possible to buy snacks and drinks (including beer).

On the way in Hjørundfjorden we will pass road less villages and small communities. The guide will tell some dramatic stories along the way about the life under steep mountains.

The small village of Trandal has 7 permanent residents and possibly the world’s most famous swing. In addition, they have a pub, restaurant, rock, country and blues festival.

Norangsfjorden is an arm of Hjørundfjord. On the picture you see the village Urke and the end destination Øye in the back of the photo. On the left side is the popular and frequently visited mountain Slogen.

14:00: The end destination of the boat trip is the village of Øye where we will make a stop at the historic Hotel Union. It will be possible to get some refreshments at the salon and have a look around the hotel.

Hotel Union Øye was opened in 1891 and was from the opening frequently visited by royals and celebrities from all over Europe. Emperor Wilhelm II was a frequent guest and left his bathtub in one of the rooms.

15:00: The bus will continue through the narrow and spectacular valley of Norangsdalen. We will make a couple of stops at some beautiful sites along the way.

A narrow part of the road through Norangsdalen

Lygnstøylvatnet was formed after an huge rock slide in 1908 damming up the river. It is still possible to see the foundation of small houses through the clear water.

Sunday 6. October

08:15: The bus departs from Hotel Raftevold.

10:45: The bus arrives at Ålesund airport, Vigra (AES).

Vinnar av publikumsfavoritten 2023

Alle som kommer på festivalen får ein stemmeseddel dei kan bruke til å stemme på eit øl. Dommarane tel opp stemmer og kårar ein vinnar.

Sigeren i år gjekk til Olav Sverre Gausemel med ukokt tradisjonelt konnjøl gjæra med Gausemel kveik. Sigeren var overlegen med 18 stemmer. Dette er 3. året Olav Sverre stikk av med publikumsfavoritten!

Olav Sverre Gausemel. Vinnar av publikumsfavoritten. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Premien for publikumsfavoritten var to cornelius fat sponsa av Jernia Ørsta, fribilett til Ørsta Volda Bryggarlag sitt bryggarmeisterskap og eit utvalg malt frå Natrud.

Kampen om 2. og 3. plassen til publikumsfavoritten var i år veldig tett. Legg her ved ei lista over dei øl som fekk 5 stemmer eller meir:

  • Nr. 44 Håkon og Martin Seljeset. Konnjøl. 10 stemmer
  • Nr. 29 Craft of Thor. Kok. 10 stemmer
  • Nr. 58 Arvid Raftevold. Konnøl. 10 stemmer
  • Nr. 10 Otterdal Bryggeri. Otterdal tradisjon. 9 stemmer
  • Nr. 17 Arvid Solheim. Lærd-øl. 8 stemmer
  • Nr. 42 Gunnar Skare. Godøl. 6 stemmer
  • Nr. 9 Geir Skansen Kleppe. Styrkarson. 5 stemmer
  • Nr. 3 Idar Nygård. Konnjøl. 5 stemmer
  • Nr. 14 Idar Nygård. Konnjøl – oppskåk. 5 stemmer
  • Nr. 25 Mads Leonard Holvik. Løkja-John. 5 stemmer
  • Nr. 34 Tjønes Bryggelaug. Bukk. 5 stemmer

Vinnarane av dommerkonkurransen 2023

Dommerkonkurransen i år var spesielt vanskeleg å dømme sidan nivået på deltakande øl var veldig høgt. Det var monge gode øl som hevda seg godt.

I år var vi talt 8 dommera med innslag av både utdanna øldommere, entusiastar og tradisjonsbryggarar. Dommerane vart delt inn i 4 team som smaka seg gjennom øl og valgte ut 3 kvar som gjekk vidare til finalen. Av totalt 54 øl havna 12 i ein finale som alle dommerane smaka seg gjennom og stemte på sine favorittar.

Dommerpanelet. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Dommerpanelet bestod av (frå høgre til venstre på biletet over):

  • Jogeir Svee Halland, juryleiar og tradisjonsbryggar av maltøl (Stjørdalsøl)
  • Amund Polden Arnesen, brygger hos Eik & Tid, Norges første ølsommelier og ansvarlig for utdanningen av norske ølsommelierer.
  • Sigrid Ruyter Smolan, uteksaminert øldommer og ølsommelier hos Ølakademiet
  • Kjetil Dale, tradisjonsbryggar av heimabrygg (Vossaøl) og drivar av Eldhuset Dale
  • Linda van Loon, nederlandsk mikrobiolog hos Eik & Tid.
  • Sølvi Strifeldt, ølblogger og uteksaminert øldommer.
  • Lars Andreas Tomasgård, tradisjonsbrygger og dobbelt norgesmester i brygging av kornøl.
  • Per Øyvind Arnesen, leder for Norbryggs dommerkomité.

3. plass, øl nr. 35 Espe bryggeri v/Arve og Frode Espe. Skikkelig kånnøl med Espe kveik

Frode Espe. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Tredjeplassen går til eit øl med kompleks aroma, Tydelig einerpreg, marsipan, korn og varmande alkohol med tydelig restsødme.

Kornølet som Frode Espe serverte er brygga av Arve Espe. Arve er mangeårig deltakar på Kornølfestivalen og har over 50 års erfaring med ølbrygging. Kornølet er brygga med eigen kveik frå Espe.

Premier:

  • Gavekort frå Brewshop 500,-
  • Sekk malt frå Vinbua

2. plass, øl nr. 57 Jørund Geving. Stjørdalsøl med Gjelland kveik

Jørund Geving. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Stjørdalsølet til Jørund er eit komplekst øl som kjem hovedsakelig av prosessen rundt tørking av maltet. Det er eit typeriktig stjørdalsøl med smak av karamell, brent tre, rom, rosiner, lær og skorstein.

Jørund har delteke på festivalen i ei årrekke og har hausta fleire premiar for sitt øl. I 2017, 2020 og 2022 stakk han også av med seieren.

Premie:

  • Gavekort frå Brewshop 2000,-
  • Sekk malt frå Voss Gass

1. plass, øl nr. 11 Ørsta Volda Bryggjarlaug. Jonsokkfest med Skare kveik

Representantar frå Ørsta Volda Bryggarlaug. Frå venstre: Eirik Hoem, Kjell Bjarne Bjørdal og Thor Humberset. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Jonsokkfest er eit tradisjonsøl med pors som dommerpanelet likte så godt at det vart en klar vinner.

Ølet hadde et tydelig og godt einerpreg. Med smaker av appelsin, marsipan og en frisk syre balansert mot en sukkeraktig sødme.

Her har bryggerane laga eit godt øl som dei kan være stolte av.

Ørsta Volda Bryggarlaug er fast innslag på festivalen og har gjennom fleire år brygga godt øl. Dei stakk også av med seieren i 2021.

Premie:

  • GRS riflestokk  
  • Signert bok av Lars Marius

Tusen takk til våre sponsorar:

Vinnarane 2023. Foto: Bård Romar Hoveid / Huldrevatn

Dommerark

Bryggeri: Komboen Voss Bryggeri og Voss Fellesbryggeri kjem

Voss Bryggeri og Voss Fellesbryggeri bryggjer øl som hovedsakeleg baserer seg på kveik frå Voss. I tillegg har dei i år også med seg sider med kveik.

Dei har med seg ei imponerande liste med øl til festivalen:

  • Oregonian Pale Ale
  • Skiferøl Humlaøl m/sprakje
  • Kveika rugøl Rugøl m/kveik
  • Porter Porter
  • Jolabrygg Jolaøl m/kveik
  • Gardsøl Gardsøl m/kveik
  • Camping Spissøl m/kveik
  • Ljos Kos Blonde ale m/kveik
  • Vossabrygg Trad.gardsøl m/kveik
  • Smale IPA m/kveik
  • Fatlagra Vossabrygg Lagra på Whiskyfat
  • Vossasider Eple Sider m/kveik
  • Vossasider Bringebær Sider m/kveik

Bryggeri: Eik & Tid kjem på si årlige pilgrimsferd til Kornølfestivalen

Tradisjonsbrygging er ein forutsetning for at Eik & Tid i det heile tatt eksisterer og Kornølfestivalen er deira årlige pilgrimsferd.

Dei gler seg til Noregs viktigaste ølfestival og har med følgande øl:

  • Kurant – fatlagret lyst surøl med Solbær
  • Juleangst – fatlagret brunt surøl med solbær
  • Skrekkelig Jul – fatlagret brunt surøl med bringebær
  • Jule III – fatlagret gyllent surøl med furu, gran og einer
  • Lazarus – fatlagret brunt surøl med rips og honning

English:

Without Norwegian traditional brewing and Norsk Kornølfestival the brewery might not even exist.

Norsk Kornølfestival is their yearly pilgrimage and they are looking forward to Norways most important beer festival.

Bryggeri: Det blir ikkje Kornølfestival uten Bygland Bryggeri

Bygland Bryggeri frå Setesdal burde være kjent for dei fleste som har vært på Norsk Kornølfestival før. Bryggeriet er kjent for å produsere brorparten av sine øl på kveik, og ofte i kombinasjon med lokale ingredienser og tradisjonelle bryggeteknikker.

Torkjel og Kasper ser frem til å treffe alle sammen igjen, og tek meg følgande øl (gjær i parentes):

  • Framgarden kornøl (Framgarden)
  • Voss Vossaøl (Gjernes)
  • Møykjeddingi Raw IPA (Opshaug)
  • Rudkallen joleøl (Espe)
  • Vintervarmt byggvin (Espe)
  • Augnestyngjen IPA (Saison)
  • Jaktøl Rød Lager (Lager)
  • Kveik-dessert-shots (Raftevold)
  • Kveik Sake (Stranda)

English:

Bygland Brewery from Setesdal is known by most people who have visited the festival before. The brewery is known for producing most of their beer with kveik, and often in combination with local ingredients and traditional brewing techniques.

Torskjel and Kasper is looking forward to meet you all again!

Bryggeri: Kinn bryggeri kommer med spennende utvalg øl!

Kinn Bryggeri er eit handverksbryggeri frå Florø som vart starta av Espen Lothe i 2009. Bryggeriet fokuserer på tradisjonelle, klassiske ølstilar med røter frå Belgia og England.

Kinn Bryggeri gler seg til å ta turen Hornindal for å presentere spennande øl til publikum!

Øl liste:

  • Eld – 6% Røykt mørk lager
  • Haust – 6% Belgisk dobbel m/ norsk malt
  • Jubel – 9,5% Belgisk trippel m/ saison gjær
  • Oktoberfest – 6% Festbier
  • Nansen – 8% Eksport staut
  • Rekved nr.8: Tyttebær – 6% Fatlagra surøl m/ tyttebær
  • Vidda – 4,5% Brown ale

English:

Kinn Brewery is a craft beer brewery from Florø in Norway. It was started by Espen Lothe in 2009. The brewery focuses on traditional and classical beer styles with inspiration from Belgium and England.

The brewery is looking forward to the trip to Hornindal and presenting exciting beers to the visitors!

Beer list:

  • Eld – 6% Smoked dark lager
  • Haust – 6% Belgian dubbel with Norwegian malt
  • Jubel – 9,5% Belgian tripel with saison yeast
  • Oktoberfest – 6% Festbier
  • Nansen – 8% Export stout
  • Rekved nr.8: Cranberries – 6% Barrel aged sour beer with cranberries
  • Vidda – 4,5% Brown ale