Kornølfestmiddag

I forbindelse med Norsk Kornølfestival vert det i år igjen arrangert festmiddag på Raftevold Hotell laurdag 5. oktober 18:30. Dette arrangementet var ein stor suksess då det var arrangert for første gong i 2023.

I år har vi ein skikkeleg godbit på menyen du ikkje må gå glipp av. Det vert servert saudehaud som er flådd, salta, speka og dampa. Det vert nydelig fårekjøtt som likner mykje på pinnekjøtt i smaken.

Saudehaud er ein lokal variant av smalahove og er tradisjonsrik vestlandskost på sitt beste. Dersom du ikkje har smakt dette før så er dette ei unik moglegheit. Tilbehøyret er klassisk med kokte poteter og kålrotstappe. Etter saudehaudet vert det servert Nordfjordlefser som vart nytta til dei store anledningane.

Til maten så vert det sjølvsagt servert øl. Bryggarane vil presentere og servere dei 3 største ølstilane innan gardsøl i Noreg. Konnjøl frå Hornindal, heimabrygg frå Voss og maltøl/stjørdalsøl frå Stjørdal.

Dette er eit fint avbrekk frå festivalen med mogelegheit til å få seg eit god måltidsoppleving der vi kombinerer god lokal mat og lokal drikke. Vi lover god stemning i ein triveleg sosial setting.