Vinnarane av dommerkonkurransen 2024

Vi hadde i år 59 øl med i dommerkonkurransen. Vi hadde derfor 8 dommera og satsa på ein kombinasjon av lokale eksperter på tradisjonsøl kombinert med utdanna dommera med erfaring frå tradisjonsbrygging.

Dommerane vart delt inn i 4 team som smaka kvar sine øl. 12 øl vart valgt ut til ein finale der alle dommerane smakte på alle finaleøl.

Dommerpanlet. Frå høgre: Arve Raftevold, Gunnar Skare, Per Øyvind Arnesen, Kasper Andersen, Torkjel Austad, Eirik Hoem og Roger Severin Bruland. Dommer Dag Jørgensen er ikkje med på biletet

1. plass – Øl nummer 64 – «Otterdal Tradisjon» brygga av Tore Raftevold og Eirik Lødemel. Konnøl med Otterdal kveik

Dommerane beskriv ølet på følgande måte: «Eit lyst og lett tåka øl. Det er komplekst, med god preg av kveik og smakar som umami, krydder, korn og tropisk frukt som aprikos. Det er eit godt balansert øl med sødme og lett syre.

Premien for 1. plass er eit rifleskjerfte frå GRS og ein sekk med malt frå Malteriet.

Vinnarane med Eirik Lødemel og Tore Raftevold

2. plass – Øl nummer 38 – «Bjørk» brygga av Mildrid Mæhle. Heimabrygg med Sellandskveik.

Dommerane beskriv ølet på følgande måte: Ravfarga øl med mykje karamell, appelsin og eit fruktig røykpreg. Det er eit godt balansert øl med ein flott og kompleks sødme.

Premien for 2. plass er eit gavekort frå Brewshop på 2000 kr. Sekk med malt frå Bonsak og sekk med malt frå Natrud.

Mildrid Mæhle saman med prisutdelar Jogeir Svee Halland

3. plass – Øl nummer 24 – «Stjørdalsøl» brygga av Jørund Geving. Stjørdalsøl med Idun blå.

Dommerane beskrive ølet slik: Eit kobberfarga og komplekst øl med karamell, marmelade og marsipan. Røykpreget balanserer sødmen godt og gir det ein flott friskhet.

Premien for 2. plass er eit gåvekort frå Brewshop på 1000 kr. Sekk med malt frå Jærmalt og sekk med malt frå Bonsak.

Publikumsfavoritten gjekk år til øl nummer 64 – «Otterdal Tradisjon»

Tore Raftevold og Eirik Lødemel tok derfor både 1. plass og publikumsfavoritten. Dette beviser at dei laga eit særs godt øl som både publikum og dommerane likte veldig godt.

William Holdens minnepris gjekk i år til Ivar Husdal

Ivar har gjennom eit langt liv vært ein kulturberar av rang og har gjort ein uvurderleg innsats for ølet og kulturarven. Han sit med enorm kunnskap som monge har nytta godt.

Ivar har eit ungt og frist sinn og er ikkje framand for å eksperimentere med nye smakar og metoder.

I eit festleg lag er han den som reiser seg og syng ein song og har alltid ei opa dør i eldhuset.

Frå venstre: Mildrid Mæhle, Eirik Lødemel, Tore Raftevold og Jørund Geving

Dommerskjema

Her er komplette dommerskjema med karakter frå 1-10. Dommerane sitt referansenummer står håndskreve, mens talet frå programmet er skreve over.